- Akvarieforsøk med trena kontra utrena leppefisk, viste at medan 9 av 10 trena bergnebb åt 48 til 50 av 50 tilboden lus i løpet av ein time, var det ingen av den nyleg villfanga og akklimatiserte bergnebben som åt lusa som vart gitt den. Det betyr at me må ta vare på dei gode luseetarane og bruka dei på nytt. Kanskje kan desse brukast i avl, seier Per Gunnar Kvenseth i Villa Organic.

Han deltok sist veke på AqKva-konferansen på Stord og snakka om reinsefisken som frelsar og truga art.