- Det har vore ei utruleg utvikling i næringa i denne tida, og framleis er det veldig mykje ugjort. Næringa er enno ung og i startfasen, og Noreg er i ein unik posisjon i ein global marknad. Sjømat er sunne produkt som passar inn i all type matlaging og alle kjøkken. Det er eit unikt utgangspunkt. Og så er helseaspektet betre enn for andre matvarer. I tillegg har ein ei heilt anna breidde i sjømatkategorien. Det er ulike typar kvitfisk og skalldyr, laks og aure.