Under Frisk Fisk-konferansen i Bergen fekk representantar frå fiskehelsetenesta kysten rundt gå gjennom situasjonen i dei ulike regionane. Og det er ting å ta tak i. Spesielt når det gjeld nye metodar for avlusing.

Ei av dei som ville ha fokus på kva nye avlusingsmetodar har å seie for laksen, var Kristin Ottesen i Havet.

- Her får eg også moglegheita til å vekke mine eigne. Her er heile fiskehelse-Noreg samla. Me kan ikkje berre peike på næringa og bransjen. Som fiskehelsepersonell har me både plikter og ansvar for fisken og fiskehelsa.