- Meir pelagisk fisk går direkte til menneskeleg konsum. Det er hovudårsaka til at det er blitt lågare produksjon av fiskemjøl og fiskeolje. Men i år ser det ut til at produksjonen kan auke igjen. Det heng saman med at det ligg an til at dei pelagiske fangstane kan auke både i Peru og Chile, sa konsernsjef Arne Møgster i Austevoll Seafood under Pareto-seminaret på NAFS torsdag.

Sjølv om meir fisk går direkte til humankonsum, vil tradisjonell fiskemjøl- og fiskeoljeproduksjon vere den viktigaste inntektskjelda lenge.