- Det finst ikkje ein strategi eller ein plan mot lakselus i næringa. Det er mange tankar der ute. Me er ikkje koordinerte og har ikkje ein felles strategi. Difor er det på tide å tenke nytt, sa Aarskog.

Han er spesielt oppteken av lakselus. Det er den som held han vaken om natta. Medan talet på kjemiske behandlingar går ned, er det aukande bruk av mekanisk avlusing.

- Det er eit tankekors at svært mange lokalitetar køyrer med mekanisk avlusing kva einaste veke.