Det var under Frisk Fisk-konferansen i Bergen torsdag at Øystein Wessel ved NMBU, Veterinærhøgskolen, fortalte om funna dei har gjort i sitt studie. Her vart det utarbeidd ein metode for å reinse PRV direkte frå infisert fisk. To ulike dosar reinsa PRV-virus vart infisert i laks for å undersøkje om PRV åleine kan framkalle HSMB. Resultata dei fekk, stadfestar at det er slik.

- I forsøka har me klart å isolere viruset og reprodusere sjukdomen ved bruka av det isolerte viruset.