- Løysinga består, i tillegg til sjølve sensoren, av databasar og ein app, slik at ein umiddelbart kan lese av temperaturen. Minnet i sensoren sender automatisk all data når den vert lese av, og ein får raskt opp resultatet på sin eigen telefon eller nettbrett. Dette kan både mottakar og sendar få tilgang til gjennom appen med det same det vert lest av, fortel Knut Nygård som er dagleg leiar Tag Sensors.

Selskapet tilbyr to ulike løysingar. Ein NFC temperatursensor, der ein berre treng android mobiltelefon eller nettbrett for avlesing av temperatur grafen av kjølekjeda frå produsent til mottakar.