Bak selskapet står Havbrukstutstyr, Værlandet Fiskeredskap og investeringsselskapet Ethos Invest i Måløy. Dei tre aktørane eig ein tredjedel kvar, og gjekk til saman inn med 450.000 kroner i aksjekapital i det nye selskapet.

- Me sel mykje tareskjul og kombinasjonssystem og jobbar også med ein fôrautomat til rognkjeks. Det har me tilbakemeldingar frå næringa at det er behov for. Neste veke er me klare med ein prototype for testing. Den er under produksjon, men det vill ta litt tid å få den i kommersiell produksjon og sal.