- AqKva-prisen er ei utmerking som vert gjeven til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller tiltak eller langvarig engasjement har gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksfamilien. Prisen skal vera ein honnør for vel utført arbeid og ein inspirasjon til vidare innsats for næringa og fellesskapet, sa regionsjef Hans Inge Algrøy i Vestnorsk Havbrukslag då prisen vart del ut på kvelden.

Han framhevar prisvinnar som ein grunder og veteran i sin del av Havbruksnæringa. Bergtun har bygd opp si eiga bedrift som er klart landsleiande i si nisje og har samstundes drege med seg mange andre på vegen opp.

-