Inntektsauken frå 2015 til 2016 var dermed på 23,3 prosent. Samla driftsresultat (EBIT før biomassejustering) var i fjor på 13,8 milliardar kroner, som var opp 123,5 prosent frå 2015 då driftsresultatet var på 6,2 milliardar kroner.

Størst forbetring er det Grieg Seafood som kan vise til. Etter eit svært dårleg 2015, der driftsresultatet var på 47,7 millionar kroner, leverte selskapet eit driftsresultat på nær 1,2 milliardar kroner i 2016.

Salmar, som hadde minst prosentvis auke i driftsresultatet i 2016 samanlikna med 2015, leverte likevel eit resultat i kroner som ikkje var langt unna Lerøys resultat, men med berre halvparten av inntektene.