Espevær er ei øy i Bømlo kommune i Hordaland.

I lokala til det som tidlegare var eit lakseslakteri, satsar Espevær Røykeri no på ein eigen serie av røykelaks og marinerte produkt. Selskapet leverer til lokale butikkar både i Norgesgruppen og Coop i Hordaland og Rogaland, i tillegg til lokale restaurantar og hotell.

- Me ønskte å skapa vår eigen identitet. Difor tok me eit vegval for eit par år sidan og satsa på ein eigen serie under namnet Espevær. Det var eit stort løft for oss, fortel Helgesen som er ein av dei fastbuande på øya.

Espevær