Det er selskapa Isqueen og Lofoten Sjøprodukter som er mistenkt for ikkje å ha meldt frå til Mattilsynet om utbrot av infeksiøs lakseanemi (ILA). Mattilsynet ser svært alvorleg på sakene og kjem til å melde selskapa til politiet.

- Me ser veldig alvorleg på at selskapa ikkje etterlever regelverket og ikkje varslar ved mistanke om sjukdom eller teikn på sjukdom. Ikkje minst er det alvorleg med tanke på dei mange utbrota av ILA i området Lofoten og Vesterålen. Selskapa bør heller varsle oss ein gong for mykje enn ein for lite.