– Han har enorm erfaring frå politikk og næringsliv, og det kan hjelpa oss slik at me blir endå betre posisjonert enn me har vore, seier leiar Sondre Eide i Eide fjordbruk til IntraFish.

Førre veke blei det kjend at Terje Søviknes har starta eige konsulentbyrå, Søviknes Consulting, kor den einaste kunden er Eide Fjordbruk.

Terje Søviksnes er kjent som mangeårig Frp-politikar og blei «arbeidsledig» etter berre ein månad som eldre- og folkehelseminister etter Sylvi Listhaug i desember i fjor, då partiet hans gjekk ut av regjeringa 13.