- Med ein merdvis strategi, der ein tel 20 fisk i merden kvar veke, kan ein spare opp mot 30 prosent av alle behandlingar mot lus samanlikna med om ein tel 10 fisk i annakvar meir i annakvar veke, fortalte Magne Aldrin frå Norsk Regnesentral under Frisk Fisk-konferansen i Bergen onsdag.

Føresetnaden er at det vert sett inn tiltak dersom tiltaksgrensa vert passert. Han fortalte at modellen dei har laga beskriv korleis lusebestanden endrast over tid på eit oppdrettsanlegg, og held oversikt over talet på lus i ulike stadier.