Randi Grøntvedt frå INAQ er prosjektleiar for å oppdatere rettleiarane for leppefisk. På reinsefiskkonferansen understreka ho at det er viktig å handsame dei ulike artane på ulik måte, tilpassa den enkelte arten.

- Rettleiarane vil aldri vere ein fasit, men det er eit forsøk på å hjelpe den enkelte oppdrettaren. Det viktigaste er erfaringa frå oppdrettarane sjølve. Det er erfaringa frå merdkanten som kan gje oss svara på kva som gjev best effekt i merden. Og her treng me innspel frå dei som jobbar med dette.