Det kom fram under debatten om norske reguleringar av laksenæringa under North Atlantic Seafood Forum onsdag.

- Biotryggleiken må vere i førarsetet. Eg er ganske sikker på at i framtida så vil ein ikkje ha brønnbåtar som fraktar levande fisk og flyttar sjøvatn frå område til område. All slakting bør skje på merden, det er mykje betre, sa Grieg og fekk støtte av konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Marine Harvest.

- Me byggjer vår første slaktebåt no. Det er ei betre løysing og vil også gjere at båtane kan frakte meir fisk til fabrikkane enn ein brønnbåt kan, sa Aarskog.

Grieg