Gustav Witzøe vart intervjua av Øyvind Andre Haram under YoungFish-konferansen om erfaringane med å byggje opp SalMar.

Witzøe fortalte om oppstarten på Frøya, der han var med å starta opp kasseprodusenten Bewi i påvente av å få oppdrettskonsesjon. Den kom aldri.

- Sjansen kom under konkursbølgja som kom. Me hadde eit godt forhold til banken, og dei gav oss tilbod om å overta. Det slo me til på, fortalte Witzøe.

Han fortalte vidare om at luseproblem ikkje er noko nytt. Også på 90-talet var det utfordringa, og løysinga skulle vere rå løk rett i merdane.