Nok eit år er det lærlingar innan havbruk som stikk av med ein av dei høgste månadslønene av alle lærlingeyrka.

Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Det var jo ein faktor som spelte litt en rolle for min del. Det er veldig fint, sjølvsagt. Pengar er ikkje alt, men det er no derfor ein er på jobb til sjuande og sist, seier lærling hos Grieg Seafood Finnmark, Gabriel Fredriksen (22), til Intrafish.

I 2022 var løna på heile 33 410 kroner, som gjorde havbrukslærlingane til dei nest best betalte – etter lærlingar som jobbar som skytebas eller som sprengingsarbeidarar.