– Det som er litt interessant med desember, er at EU går meir tilbake enn gjennomsnittet – 10 prosent. Det tyder på at den fisken som skulle gå til julesalet blei eksportert før desember, seier sjømatanalytiker Paul T. Aandahl, i Norges sjømatråd, til Intrafish.

Han fortel at det har vore lav verdiauking i desember samanlikna med det ein såg elles i 2023.

– Viss vi reknar om prisen i euro, er den på 7,86, og det er 4 prosent opp i forhold til 2022, medan den i 2023 er på 8,57, og det er sju prosent opp.