Villa Seafood omsette for drygt 955 millionar kroner i fjor. Det er ein oppgang på 48 prosent frå 2020.

Likevel minka driftsresultatet til 9,9 millionar kroner frå 13,7 i 2020. Driftsmarginen blei halvert frå 2,1 til 1 prosent.

Det viser årsregnskapet som nyleg er offentleggjort.

– 2021 var eit år preget av svært høg vekst i omsetnad. Men som ein kontrast til 2020 kor me leverte «all-time high»-resultat i selskapets historie, bar 2021 preg av lågare marginar. På mange måtar blei 2021 året kor me merka konsekvensane av pandemien ved at enkelte av våre kundar måtte gå ut av kontraktar, og dessutan at tenester, då spesielt transport, blei mykje meir kostbare. I tillegg blei prisane for 2021 generelt ein del høgare enn både me og marknaden forventa då me gjekk inn i året, skriv dagleg leiar Marie Lassesen i ein sms til IntraFish.

– 2021 har vore eit år kor me har investert for framtida. Me har investert i eksisterande og nye relasjonar som er og vil vere viktige for oss i vår vidare satsing, legg ho til.

Ligg godt an

– Korleis har 2022 vore så langt?

– Drifta i 2022 har trass i høge lakseprisar så langt vore positiv, og me ligg per i dag godt an med dei måla me har sett oss med omsyn til omsetnad og resultat, skriv Lassesen.

Selskapet er heileigd av Villa Seafood Group og driv med kjøp, produksjon og sal av sjømat. Dei har hovudkontor i Ålesund.

Det står i årsrapporten at selskapet har merka ringverknadane av den globale pandemien og at dei har måtte omstille delar av verksemda som følge av dette.

Det står vidare at «selskapet har stabil og god drift og gode vekstmoglegheiter på sikt. Etterverknadane av den globale usikkerheita som følge av krigen i Ukraina vil påverke moglegheitene til selskapet på kort og mellomlang sikt, men det er styret si oppfatning at sjømat generelt vil stå seg godt i den globale handelen».

Ny styreleiar

Det er 8 tilsette i selskapet, fem kvinner og tre menn.

Villa Seafood har også gjort fleire endringar i styret, ifølge Brønnøysundregistera. Ove Magnar Thu, som er dagleg leiar i Villa Seafood Group, er valt som styreleiar. Tidlegare styreleiar, Egil Ove Sundheim, går ut av styret.

Det same gjer dagleg leiar i Villa Seafood, Marie Louise Lassese. Anders Hagestande er valt inn i styret, medan Randi Solem held fram som styremedlem. Det same gjer Anne Louse Hjermind Kultorp som varamedlem.

Villa Seafood
. 2021 2020 Endring
Omsetnad 955,1 645,4 48,0 %
Driftsresultat 9,9 13,7 -27,7 %
Resultat før skatt 8,1 13,6 -40,4 %
Nettoresultat 6,4 10,9 -41,3 %
Driftsmargin 1,0 % 2,1 % -51,2 %