323 fiskarar, 175 frå oppdrett og 3977 fritidsfiskarar har svart på undersøkinga.

– Vi ønskjer å få innsikt i kva for haldningar fiskarar, fritidsfiskarar og oppdrettarar har til marin forsøpling der fiskeri og oppdrett er kjelder til forsøplinga, seier konstituert fiskeridirektør Per Sandberg i ei melding frå direktoratet.

Kunnskapen skal mellom anna vere med å danne grunnlaget for ein handlingsplan mot marin forsøpling som kjem i mars.

Trur på uhell

Spørjeundersøkinga stadfestar at folk er medvitne om marin forsøpling og 90 prosent av alle dei spurde meiner marin forsøpling er eit problem. Dei er også uroa over konsekvensane forsøpling kan få.

Samstundes svarer like mange at forsøplinga som skjer skuldast uhell i samband med forskjellige arbeidsoperasjonar om bord på fiskefartøy, ved merdkanten eller i fritidsfisket.

Andre kjelder

I tillegg til uhell og mangelfulle og dårlege rutinar, peikar fiskarane på at det er dyrt og til dels utfordrande å bli kvitt søppel som ein årsak. Når det gjeld kva som er kjelde til marin forsøpling i fiskeflåten, peikar om lag 70 prosent på reiskapstap som årsak. Men også slitasje på reiskap og avkapp frå tau og reiskap blir oppgitt som ei viktig kjelde.

Per Sandberg seier i meldinga direktoratet kan vere med å sørge for at utrangert reiskap og utstyr frå både fiskeri og havbruk kan bli levert og handtert på ein forsvarleg og enklare måte.

I havbruk blir operasjonar på merdkanten og mangelfulle rutinar peikt på som viktigaste årsak til marin forsøpling frå oppdrettsnæringa. Hovudkjeldene er tau og taustumpar, mikroplast frå slitasje på utstyr og at ein mister andre større plastkomponentar.

– Trengst meir kunnskap

Blant fiskarane svarer vel 60 prosent at dei er usamde i at dei bidreg meir til forsøpling enn dei andre gruppene. Litt over 20 prosent meiner fiskeri ikkje bidreg til problemet.

Her viser direktoratet til at forsking og strandrydding syner at fiskeri er kjelde til mellom 60 og 80 prosent av det marine avfallet på norske strender.

– Det viser at det er behov for meir kunnskap og det gir rom for å arbeide med haldningsendringar. Men undersøkinga viser også at fiskeri- og havbruksnæringane i dei seinare åra er blitt mykje meir bevisste på kva slags problem marin forsøpling er, seier Sandberg i meldinga.

Oppdrettarane bidreg, meiner dei

Blant oppdrettsaktørane meiner 75 prosent av dei spurte at havbruksverksemd bidreg til marin forsøpling og 40 prosent meiner at havbruk forureinar meir enn dei andre gruppene.

Blant fritidsfiskarane avviser 80 prosent av dei spurde at dei bidreg meir enn dei andre gruppene.

– Resultata var kanskje ikkje uventa, men vil likevel gi oss svært nyttig kunnskap når vi no skal ferdigstille handlingsplanen vår mot marin forsøpling, seier Sandberg.