- Akkurat no er det eit veldig spel mellom kjøparar og seljarar. Det er mykje psykologi i forhandlingane. Me har ikkje kjøpt noko enno, og ventar at prisen vil gå lengre ned, seier ein foredlar på kontinentet til IntraFish.

Etter det IntraFish forstår ønskjer oppdrettarane å halde prisen på 56-57 kroner for 3-6 kg, medan kjøparane prøver å få den ned i 54-55 kroner. Handlane som er gjort så langt er på mellom 54 kroner i Nord-Noreg og 56 kroner i Sør-Noreg.