IntraFish har snakka med ei rekkje uavhengige aktørar i 13.30-tida fredag. Alle melder om nedgang i lakseprisen, og ein marknad som ikkje sprudlar av etterspurnad. Det fører til at lakseprisen går under 60 kroner, og truleg endar på rundt 57-58 kroner i snitt for laks frå 3 kg og oppover den komande veka.

- Det er tungt å få ut fisken i marknaden, og me må jobbe hardt for å selje den vidare. Det er litt stigande volum, og me forventar litt auke også neste veke, Me slit med å få prisen ned på nivået me meiner er rett, seier ein eksportør IntraFish har snakka med.

Ein