Eksportkvantum for fersk laks i veke 2 enda på 16.141 tonn, 43,5 prosent høgare enn i veka før då volumet var 11.249 tonn. Merk at veker der jul og nyttår inngår, normalt viser låge eksportkvanta. Eksportvolumet var dermed på nivå med veke 2 dei to føregåande åra.

I veke 2 i 2020 var eksportprisen for fersk laks 77,63 kr/kg, ein nedgang på 0,7 prosent samanlikna med veka før, men prisen var 20 kroner høgare enn i 2018 og knapt 14 kroner over 2019-prisen.