IntraFish har snakka med ei rekkje aktørar fredag i 13.30-tida. Alle melder om eit prisfall den kommande veka, og at prisane spriker mindre. Og det er fleire årsaker til at prisane går ned.

Ei forklaring er at det er kinesisk nyttår. Det gjer at etterspurnaden etter stor fisk går ned. Den europeiske markanden er ikkje like villig til å betale den same prisen som den asiatiske marknaden, og prisen på den største fisken er dermed den som går mest ned.

I tillegg merkast dei høge prisane ute i marknadane.