Miljøfleksibilitetsordninga er eit spennande forslag frå Havbruksutvalet som siktar mot å utvikle havbruksnæringa ved å tilby insentiv for overgang ifrå tradisjonelle opne merdar til lusefrie anlegg og derav tek utfordringa ved rota.

Gjestekommentar

Skrevet av dagleg leder Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Eide er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar. Dei andre er: advokat Halfdan Mellbye, ulike bidragsytere frå Sjømat Norge, Dag Sletmo – rådgivar i DNB Seafood, økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik i Advokatfirmaet Schjødt og ulike bidragsytere frå Havforskningsinstituttet.

For Noreg som havbruksnasjon er adventstida godt i gang, dei vise mennene og kvinnene har tala, profetien er lagd, og me ventar på nedkomsten av frelsaren: miljøfleksibilitetsordninga.

Sondre Eide Foto: Joar Grindheim

Adventstida for dei av oss som har venta på gode incentivar for miljøteknologi har alt vore lang. I fleire år har me venta på at politikarane skal kome med ordningar som gjer det mogleg å utvikle havbruket frå opne merdar til produksjonsmetodar utan lakselus. Derfor var det ei befriing å få Nøstbakken-utvalet sin rapport tidlegare i haust. Det er denne profetien me har gått og venta på. Dei vise kvinnene og mennene i utvalet peikar i retning adventsstjerna når dei tilrår endringar som gjer det mogleg å konvertere ifrå opne merdar til lusefrie anlegg. Dette vil takle utfordringane til næringa med lus, rømming og slam, samtidig som da gjer da mogleg for næringa å vekse vidare i tråd med politiske ambisjonar.

Maten må kome frå havet

Auka vekst betyr fleire jobbar i næringa og leverandørindustrien. Fleire jobbar og auka verdiskaping betyr auka inntekt for fellesskapet som kan nyttast på skular, eldreomsorg og bygging av gode lokalsamfunn øve heile landet. Men me er ikkje heilt i mål enno. Nokon må ta imot frelsaren med opne armar og syte for at krybba ikkje blir ståande tom.

Da er framleis nokre hyrdar som ikkje trur på forandring. Dei som meiner lukka teknologi ikkje er klar, eller som meiner alt skal flyttast på land. Dei bør sjå opp mot himmelen, eller i vår forteljing, vende snuten under havoverflata. Det er der løysinga ligg. Det er der potensialet for vekst er til stades.

Alle komande verdsborgarar som skal skrivast inn i manntalet, må ha tilgang på nok sunn og næringsrik mat. Det meste av den maten bør for verdas del komme frå havet. Jorda si overflate blir ikkje større. Arealtilgang som krevst for å lage mat er avgrensa. Framtidas verdsborgarar må derfor eta meir mat frå havet, samtidig som me beheld biologisk mangfald, minkar utslepp av klimagassar, betrar dyrevelferda, og minkar ekstern påverknad lokalt.

Står ved ein skiljeveg

Dagens hyrdar må vakna, da nyttar ikkje å vake. Saue er kjekke dyr, men dei norske gjetarane må nok innsjå at dei skal bli røktarar. Engelen står og vinkar til dykk, det er berre å koma dykk til krybba og møta frelsaren. Elles blir krybba flytta til Canada, Chile eller New Zealand.

Adventstida har vart lenge nok for den norske havbruksnæringa no. Derfor må politikarane gripa moglegheita som ligg på bordet. Da norske havbruksevangeliet bør få ei rask og lykkeleg slutt, og denne frelsaren bør verken piskast eller krossfestast. Det vil vera ei arvesynd me ikkje kan leva med.

Akkurat som mannskapet må tilpassa segla for å fanga vinden best mogleg, må havbruksnæringa justere sine metodar for å nytta havet meir berekraftig.

Noreg står ved ein skiljeveg; da er på tide at handling følgjer ord. Me kan ikkje la denne sjansen gå frå oss, for framtida til norsk havbruk ligg i våre hender. No må me rett og slett ta til oss orda til den norske profeten, Marve Fleksnes. Det er lett å rope halleluja, men å gjera da?

No må me gjera da.