Me ynskjer å fokusere på avtrykket til næringa og setje fokus på det som må gjerast om Noreg fortsett skal vere ei ledande stormakt for sjømatproduksjon.

Gjestekommentar

Innlegget er skrive av dagleg leiar Sondre Eide i Eide Fjordbruk. Eide er ein av IntraFish sine faste gjesteskribentar.

Det skortar ikkje på ambisjonar i Noreg. Industrien og politikarane er samstemte når det kjem til ynskje om å auke produksjon og verdiskapinga av norsk sjømat. Like einige er me i at det må skje på ein berekraftig måte som både sørgjer for redusert klimautslepp, samtidig som me ikkje må øydelegge hava og naturen vår. Me må handle, ikkje berre prate. Det håpar me Salmon Eye kan bidra til, framheve handling.

Teknologiutvikling, innovasjon og forsking som skapar framtidas løysingar kjem ikkje av seg sjølv. Me er konstant nøydd til å utvikle oss. Det skjer mykje god innovasjon allereie, men me må auke tempoet. Uansett kva ein held på med, veit dei som ligg i tet over tid at ein til ei kvar tid må bli enda betre for å vere best i framtida. Jakob Ingebrigtsen, Viktor Hovland og Casper Ruud er eksempel på menneske som leverer resultat igjen og igjen, og det er fordi dei veit at dei heile tida må bli betre for å vere best. Slik er det også i sjømatnæringa, og for Noreg som sjømatnasjon. Verda rundt oss står ikkje stille, den går framover. Raskt. Og då må også Noreg legge til rette for innovasjon og utvikling innan matproduksjon i sjø.

Verdas befolkning aukar raskt, mens matproduksjonen og klimautsleppa ikkje held godt nok følge. Konklusjonen er eintydig: me må produsera meir mat med mindre utslepp og ta betre vare på naturen vår. Generasjonane etter oss skal ha ein klode som er i like god stand som den vi lèt etter oss. Det vil krevje mykje.

Havet er ein viktig del av løysinga på problema og utfordringane verda står ovanfor. Det er brei einigheit om behovet for auka matproduksjon i sjø, samtidig som me ikkje kan øydelegge havet. Nyleg kom FNs rapport, som slår fast at det må produserast meir sjømat i verda for å nå verdas berekraftsmål. Det er ikkje mange land som er betre posisjonert enn Noreg til å plukke opp den ballen og setje den i opent mål.

Noko av det viktigaste er å legge til rette for teknologiutvikling, derav lukka teknologi i hav og sjø. Det vil vere eit viktig skritt på vegen for å nå måla våre om eit reinare hav, auka matproduksjon, og redusert klimautslepp. Teknologien er klar, ein treng berre at regelverket er teknologinøytralt. Om det er lukka på land eller lukka flytande i sjø bør vere irrelevant. Å stimulere til meir lukka produksjon i sjø vil også heve biosikkerheten og smitte trykket betydeleg i sjø, meir produktivitet og meir berekraft. Om ikkje Noreg triller ballen i det opne målet, vil garantert andre land gjere det.

Salmon Eye skal ikkje sjå på landegrenser og bedriftslogoar når det gjeld avtrykk og moglegheiter i havet. Dei skal vere eit uavhengig senter som ser på løysingar innan heile verdikjeda av berekraftig sjømatproduksjon. Eg gler meg til å sjå da flytande lakseauget, som eg håpar skal bli ei visuell påminning om ansvaret og moglegheitene som ligg i havet.

Som nasjon og verdssamfunn har me ein stor jobb framfor oss for å gjera det som trengst for å løyse matproduksjonsutfordringane. Men som med alt anna startar dei store ting med handling over fleire små skritt. No går toget.