Har jobba med nytt oppdrettskamera i fem år – no blir det lansert

Trondheims-selskapet Panoptes er klar med nye kamera som skal kunne automatisere luseteljing og fôring. Snart vil også biomassemåling bli lansert.

Edgar Wisløff i Panoptes med bilder frå selskapets lusekamera som dei viste fram under årets Aqua Nor.
Edgar Wisløff i Panoptes med bilder frå selskapets lusekamera som dei viste fram under årets Aqua Nor.Foto: Joar Grindheim

– Me starta opp i 2014 og har jobba tett saman med ein av dei største produsentane for å utvikle dei nye kamera. Me har testa og gjort alle feil som kan gjerast, men no er me klare til lansering, fortel Edgar Wisløff i Panoptes til IntraFish.

Brukt i tre år på testlokalitet

Lusekameraet var ferdig for tre år sidan, og selskapet starta kommersialiseringa av dette i fjor. No er det blitt oppgradert med betre optikk. Det var også eit ønske frå samarbeidspartnarane om å få betre fôringskamera, og no er også det klart.